Clara (Clara Hallenberg) og mannen hennar, Adolphe (Evert Karlsson).

Fornøyeleg forholdskomedie

Clara (Clara Hallenberg) og mannen hennar, Adolphe (Evert Karlsson).
Clara (Clara Hallenberg) og mannen hennar, Adolphe (Evert Karlsson).

Fornøyeleg forholdskomedie

Adolphe og Clara er ei underhaldande førestilling med lovande songarar, diverre markert av miserabel akustikk. Produksjona hadde premiere på Troldhaugen i Bergen 27. september. Denne meldinga er basert på framføring på Tukthuset i Trondheim 28. september kl. 20.


Anmeldt av Anders Olai Neerland Kruse - Foto: Joakim Kirksæther


Nicolas Dalayrac(1753-1809) var i sin tid ein av dei mest populære operakomponistane i Frankrike. Han vart fødd inn i ein rik, adeleg familie, og far hans oppmoda han frå ein ung alder til å studere til å verte advokat. Dette oppnådde han som 21-åring, men medan han var stasjonert i Versailles møtte han fleire innflytingsrike musikarar, og etter å ha teke komposisjonstimar hjå Honoré Langlé endra han karriereretning og vart komponist. I 1804 mottok han Æreslegiona av Napoleon, den høgaste fortenesteordenen i Frankrike.

Talt dialog

I dag er det ikkje mange som hugsar Dalayrac, men dei som gjer det, tenkjer kan hende på han fyrst og fremst som ein opera comique-komponist. Dette er ein operasjanger med talt dialog og sungne ariar – til skilnad frå meir typisk opera, der ariane er skild frå kvarandre med snakkesunge resitativ – og handlingane er ofte humoristiske og satiriske. Dalayrac skreiv minst ein opera comique i året frå 1781 fram til han døydde i 1809, gjerne i samarbeid med librettisten Benôit-Joseph Marsollier, og oppnådde stor suksess både i Frankrike og rundt om i Europa.

Orkester Nord Academy, leia av Martin Wåhlberg, songarar f.v.: Evert Karlsson, Clara Hallenberg, Martin Tornquist, Filip E. Steinland

Ein av operaane til denne duoen var Adolphe og Clara, eller: Dei to arrestantar (1799), som Kode, Orkester Nord og det nyetablerte musikkteaterakademiet Hansa Opéra Comique, no framfører på norske scener. Dette er ei akademiproduksjon, som skal syne fram det som moglegeins er morgondagens stjerner på den skandinaviske operascena. 

Ei akt

Det er ein opera i ei akt, og heile librettoen er omsett til norsk. Denne omsetjinga er stort sett god, spesielt i dialogscenene, men rett som det er hamnar trykket i ei musikalsk frase på ein vrien vokal, eller så vert ei ordstilling ganske unaturleg for at noko skal passe. Regien til Amalie Tolo er enkel, men effektiv, med moderne kostymer, få rekvisittar og ingen kulissar. Når ein karakter ikkje er med i ein scene, klatrar dei ofte over ein stol på fremste rad og set seg i publikum heller enn å forsvinne av scenen ut til sidene. Dette syns eg er eit spesielt godt og festleg grep, og å trekke haldinga av scenen og ut i rommet bidreg til å skape ei uhøgtideleg og lun atmosfære.

Clara Hallenberg som Clara
Evert Karlsson som Adolphe

Operaen utspelar seg på jaktslottet til Baron Limbourg (Filip Steinland). Han mottek eit brev frå ein gamal ven av seg, som er frustrert over forholdet mellom si niese, Clara (Clara Hallenberg) og mannen hennar, Adolphe (Evert Karlsson). Det unge paret har «mista gnisten», og begge skuldar på den andre for å vere problemet. Difor vil onkelen no sende dei til Limbourg i håp om at han kan bringe dei saman att og hindre at paret går frå kvarandre. Limbourg klekk ut ei plan for å lure kvar av dei til å tru at dei har vorte sett i fangenskap utan den andre, og Limbourg og hans kastellan Gaspard (Martin Tornquist) går inn i rollene som kommandant og fangevoktar. Ved åtkomst vert Clara og Adolphe intervjua av «kommandanten» kvar for seg, før dei vert plassert i rom i kvart sitt tårn på forskjellege sider av slottet. Clara hevdar Adolphe er tankelaus og spelegal, og ein hensynslaus ektemann. Adolphe på si side hevdar Clara er humørsjuk, ulydig, overfladisk og sjalu. Så snart han får nyss i at det er ein annan, kvinneleg fange i «fengselet», er han klar for å iverksette ein affære.

Kjærleiken blomstrar

Det tek likevel ikkje lang tid før paret møtast i gangane, og raskt blomstrar kjærleiken mellom dei to att. Dei svergar evig truskap til kvarandre og lovar å halde saman til evig tid, men for å vere sikker på dette, utset «kommandant» Limbourg dei for fleire prøvingar, og låser dei inne på kvart sitt rom. Paret overtalar «fangevoktaren» til å hjelpe dei med å flykte, men dei vert teke på fersk gjerning av «kommandanten», som krev at dei skriv under på ei skilsmisseerklæring. Den fyrste som skriv under skal få att fridomen, medan den andre vert varande i fangenskap, men paret vel å rive erklæringa i bitar og heller leve saman i fangenskap for alltid. Så vert alt avslørt, kommandant og fangevoktar vert avmaskert, paret får høyre om onkelen som står bak alt saman, og så er alt godt det som ender godt.

Martin Tornquist som Gaspard
Filip E. Steinland (t.v.) og Evert Karlsson

Energisk musikk

Det er med andre ord ei nokså typisk handling for denne typen opera. Musikken er energisk og har ein leken, lystig karakter, og musikarane frå Orkester Nord spelar fint under dirigent Martin Wåhlberg, sjølv om eg personleg saknar variasjon i tempo og dynamikk, spesielt i fyrste halvdel av operaen. Songarane er jamnt over gode, og alle kler rollene sine godt. Eg vil spesielt trekkje fram Martin Tornquist her, som imponerer både som songar og skodespelar, med ein flott komisk fysikalitet og ein sterk stemme. Clara Hallenberg, imponerer også både vokalt og skodespelarmessig. Evert Karlsson er sterkare som songar enn skodespelar, og eg syns han og Hallenberg manglar kjemi. Ganske ofte syng dei lovnadar om evigvarande kjærleik med halvannan meter mellom seg, som gjer at eg slit litt med å tru på dei. Filip Steinland er også god vokalmessig, men han er eit stort offer for elendig akustikk i konsertlokalet. Diksjonen til Steinland i dialogane er rask og frenetisk, som kunne fungert godt gjeve eit anna rom, men i dette tørre og smått gjallande lokalet vert han ganske utydeleg.

Musikarar frå Orkester Nord Academy og Orkester Nord.

Akustikkproblemet gjeld for så vidt for alle fire songarane, som jamt over slit med å kome gjennom orkesteret. Teksten i ariane, spesielt i duettane og trioane, vert ofte berre graut, og kombinert med at librettoen korkje vert projisert eller printa i programmet, er det til tider særs vanskeleg å få med seg kva nokon seier.

Eg koste meg i grunn ordentleg med Adolphe og Clara, trass i akustikken. Det er ein lettfordøydd og underhaldande opera, formidla på ein varm og fornøyeleg måte av gode musikarar og lovande songarar. Og nokon gongar er det akkurat det ein treng av ei førestilling.



Anmeldelser