Gjennomført, botnsolid utvandrarmusikal innerst i Eidsfjorden

Gjennomført, botnsolid utvandrarmusikal innerst i Eidsfjorden

Soga om Sol handlar om å forlate heime og skape seg eit nytt liv ein heilt framand stad. Resultatet er ei knallsterk førestilling som balanserer sterk lokal forankring, drøymande håp og djup einsemd.


Skrevet av: Anders O. Kruse. Fotos: Øystein Torheim


Ein gong var Amerika ein utopi for nordmenn, ein forgylt draum på den andre sida av eit enormt hav. Tallause menneskjer reiste frå gardane og heimane sine for å jakte lykka i eit forgjetta land, og mange vendte aldri tilbake. Frå 1836 til 1915 emigrerte om lag 750 000 nordmenn til Amerika. Dette utgjorde nesten halvparten av befolkninga i Noreg på det tidspunktet. Ikkje noko anna europeisk land hadde så stor utvandring samanlikna med folketalet.

 Dette er det historiske bakteppet for den nyskrivne musikalen Soga om Sol, som har vorte laga i samanheng med Opera Nordfjord sitt 25-årsjubileum. Musikalen opnar i Nordfjorden i året 1915, kor me møter Sol Siljegard, ei odelsjente som mistar familiegarden og meir til, når den nye eigaren av garden tvinger seg på henne, og ho blir gravid. Ulykka driv ho til å ville ta sitt eige liv, men rett før ho hoppar av det høgaste fjellet i dalen trår Emil Spelemann inn i historia. Sol fortel kva som har hendt med ho, og Emil nøler ikkje ein augeblink med å tilby seg både å vere far for barnet og å ta Sol med seg til New York. Ho takkar ja, og dei set segl over Atlanterhavet.

Ein romanse blomstrar mellom dei to, men før dei kjem i land mistar dei kvarandre, og Sol slår seg i lag med den noko tvilsame teaterprodusentet Danny Gold. Gold fell pladask for både Sol og stemmen hennar, og Sol blir med i hans «Odditorium», kor dei underlege karakterane i freakshowet til Gold blir den nye familien hennar.

 For Emil sin del går draumen raskt i grus. Han blir tvinga inn i det amerikanske militæret, og sendt til Frankrike som skarpskyttar. I eit bombeangrep blir Emil hardt skada, og han hamnar på eit sjukehus i England. Etter ein kort romanse med sjukesystera som har passa han medan han har vore i koma, returnerer han til New York, og lovnaden han gav til Sol. Dei to finn att like etter Sol har født barnet, men ho døyr i armane til Emil med barnet i krybba.

Einsemda gjennomsyrer Soga om Sol. Emil og Sol har på eit vis kvarandre, men dei oppheld seg frå kvarandre under nesten heile handlinga. Danny Gold har ingen kring seg, han er ein opportunist som jaktar på einsame utskot frå samfunnet han kan tene nokre dollar på, men når alt er over står han eigentleg att utan folk kring seg som ikkje har eit finansielt motiv for å vere i lag med han. Alle karakterane kjempar med å vere aleine på kvart sitt vis, og på det viset erstattar einsemda og framandskapen behovet for ein klar antagonist i historia.

Soga om Sol var ei imponerande oppleving. Eg blir ofte overraska over kor gode framsyningar distriktsoperaer som Opera Nordfjord set i stand, men dette var på eit heilt anna nivå. Historia er klisjéfylt, men klarar å unngå det unødvendig sentimentale. Karakterane minner om andre me har møtt før, men alle er skrivne godt og har klare motivasjonar, og blir aldri kjedelege. Musikken til komponist Gisle Kverndokk er storslått, i stil etter dei store amerikanske arrangørane og komponistane frå førre hundreår. Fotspora til Irving Berlin, Leonard Bernstein og Nelson Riddle lyser opp frå partituret, meisterleg tolka på nytt av Kverndokk i ein fyldig, velklingande orkestersats og vakre melodiar. 

 Tre ekstremt sterke solistar løftar også førestillinga. Kim Helge Strømmen, i rolla som Danny Gold, stel kvar ein scene han er med i, både med eit gjennomført fysisk skodespel og ein fantastisk stemme. Eirik Risholm Velle bringer ein varme til den evigglade optimisten Emil eg ikkje kunne førestilt meg karakteren utan. Og sjølvsagt skin hovudrolleinnehavar Ingrid Tykhelle Kayser sterkast av alle. Stemmen hennar fyller kvar ein krik og krok av operasalen, og kling gjennomgåande godt i heile registeret, så sterkt at ho til tider overdøyver dei ho syng saman med. Eg vil også trekke fram Erlend Ona Gjul som Bob, Gold sin lyssky samarbeidspartnar, som ein særs sterk både songar og skodespelar, med ein rungande stemme fylt av desperasjon og sinne.

 Sjeldan har eg sett ei så god samansetning av profesjonelle aktørar og amatørar på ein scene, med ei så soleklar og nødvendig tilknyting til staden framsyninga er skriven for. Eg køyrde i eins ærend frå Trondheim til Nordfjordeid for å sjå Soga om Sol, og det var verd kvar einaste centimeter på vegen.

Opera Nordfjord
Soga om Sol
Tekst: Øystein Wiik
Musikk: Gisle Kverndokk
Regi og usikalsk leiing: Michael Pavelich

Soga om Sol hadde urpremiere 4. oktober, og blir også vist 11., 13., 14 og 15. oktober. Denne anmeldelsen er basert på førestillinga den 7. oktober.




Anmeldelser