Solistane i Trondheim Symfoniorkester si oppsetting av "La bohème" er av ei anna verd. Her er Stefan Pop og Elsa Dreisig som Rodolfo/August Strindberg og Mimì. Foto: Ole Ekker
Solistane i Trondheim Symfoniorkester si oppsetting av "La bohème" er av ei anna verd. Her er Stefan Pop og Elsa Dreisig som Rodolfo/August Strindberg og Mimì. Foto: Ole Ekker

La bohéme skin som ei sol i Trondheim

TSO sin La bohème er ei glitrande førestilling, med vanvitig sterke solistar og nydeleg scenografi.


Anders Olai Neerland Kruse


Det var med sin fjerde opera – om bohemane i Paris – at Giacomo Puccini sementerte seg som ein av Italia sine største operakomponistar. Sidan har La bohème vorte ein av dei absolutt mest spelte operaene i verda – med god grunn, om TSO sin versjon er noko å gå etter.

Alternativ historie frå røynda

Handlinga i Puccini sin original dreier seg om fire unge kunstnarar i bohemmiljøet i Paris på 1830-talet og den unge kvinna Mimí. Poeten Rodolfo og syerska Mimí blir forelska i starten av operaen, men ho er dødeleg sjuk med tuberkulose. Me følgjer dei gjennom gleder og sorger i kjærleiken, før Mimí til slutt forgår i armane til Rodolfo. 

Denne versjonen har originalregi ved José Cura og gjenopptakingsregi ved Victoria Bomann-Larsen, og vart sett opp for fyrste gong ved Kungliga Operan i Stockholm i 2015. Handlinga har vorte flytta frå bohemmiljøet i Paris på 1830-talet til Gamla Stan i Stockholm mot slutten av 1800-talet. Nesten alle karakterane har vorte døypt om til fiktiviserte versjonar av historiske skikkelsar. Rodolfo er Augusto Strindberg, Marcello er Eduardo Munch, Musetta er Tulletta Larsen, Schaunard er Edvard Grieg og Colline blir til Søren Kierkegaard. Mimí er unntaket, og beheld sitt opphavlege namn. Fleire av karakterane kjende til kvarandre på ekte, så handlinga er altså ei slags plausibel, men ikkje faktisk forteljing frå røynda. 

Scenebiletet består stort sett av tre forskjellege stemningsfulle tablå, eitt for kvar akt, der fyrste og fjerde spelar seg ut i same omgjevnadar. Bak handlinga blir fleire av Edvard Munch sine maleri projisert på eit lerret for å understreke det som skjer framme på scenen. Projiseringa lukkast godt med dette, og skapar i tillegg ein fin djupn i scenen bak handlinga i fyrste og fjerde akt. Librettoen, som har vorte modifisert i tråd med endringane i regi, blir vist omsett til bokmål på skjermar over og på sidene av scenen. Diverre er det fleire gongar i La bohème der ulike tekstar blir sunge samtidig, og her heng rett og slett ikkje skjermane med. Det er ikkje distraherande nok til å ta noko vekk frå førestillinga, men det er litt irriterande. Koret fyller scenen med eit yrande marknadsliv i andre akt, og små historier vevast enkelt, men forseggjort fram medan dei går rundt og interagerer med kvarandre og solistane. Scenebiletet kjennest dermed som eit ekte torg, som igjen gir førestillinga eit fornøyeleg liv.

I denne produksjonen av La bohème har regissør José Cura flytta handlinga til 1890-talets Stockholm og omdøypt til fiktive versjonar av historiske skikkelsar. Her er Lina Johnson som Musetta/Tulletta Larsen og John Chest som Marcello/Eduardo Munch

Trolldom på og under scenen

Fleire gongar under førestillinga er stemninga omtrent utanomjordisk. Salen er heilt mørklagt. Det einaste lyset kjem frå framme på scenen, strålande ut frå Mimì sin kvite kjole. Dette lyset løftar meg ut frå vår keisame verkelege verd og inn i ei trolldomsverd, kor eg må minne meg sjølv på at det som skjer der framme faktisk er ekte. Orkesteret blir leia av den italienske dirigenten Massimo Zanetti, og er plassert ute av syne under scenen. Frå gropa si smeltar fullstendig orkestermusikken saman med songen og dramaet på scenen til ei fantastisk syntese, og blir sjølve nøkkelen til portalen inn i denne trolske verda.

Solistane er også av ei anna verd. Spesielt Elsa Dreisig og Stefan Pop er ikkje noko anna enn spektakulære. Pop syng med ein veldig fylde og drama, og gjer Augusto til ein varm, sjarmerande, desperat, ulukkeleg og – framfor alt – levande karakter. Augusto/Rodolfo er ein karakter splitta mellom kjærleik til Mimì og sjalusi, og Pop formidlar dette med ein rørande, truverdig lidenskap. Dreisig er rett og slett ikkje til å tru. Den enormt dramatiske stemmen hennar fossar fram frå scenen som ein stri straum av reinskorne kjensler. Spesielt i operaen si tredje og fjerde akt er å høyre på ho som å bli treft i andletet av ein operatisk knyttneve – i aller beste moglege forstand. Sjølv i ei allereie knallsterk solistrekke er ho og Pop det soleklare høgdepunktet i førestillinga. Petri Lindroos har ein av dei fyldigaste, mest imponerande bassrøystene eg har høyrt frå ein scene, og hans Søren Kierkegaard/Colline er både vis og varm. John Chest er også glitrande, med ein mørk klang i stemmen og ei småsur, men hjartevarm framstilling av Eduardo/Marcello. TSO har satsa stort med disse solistane, og det har lønt seg. Dei løftar denne førestillinga til eit skyhøgt nivå, og eg har ei kjensle av at dette er noko ganske spesielt.

Eg skal vere kar til å innrømme at eg måtte gråte litt når Mimì døydde. Det gjer eg alltid på slutten av La bohème, lettrørt tåpe som eg er. Men denne gongen måtte eg kvele unna både sipping og hulking – og kva for eit betre resultat kan ein eigentleg spørje etter?

La bohème

Opera av Giacomo Puccini frå 1896 til ein libretto av Giuseppe Giacosa og Luigi Illica, basert på romanen La vie bohème av Henri Murger.

Denne oppsettinga hadde premiere i Olavshallen 7. mars, og spelast også 9., 11., og 13. mars. Denne meldinga er basert på premieren.

 

Kunstnarisk team:

  • DIRIGENT: Massimo Zanetti
  • REGI, SCENOGRAFI, LYS- OG KOSTYMEDESIGN OG MASK: José Cura
  • GJENOPPTAKINGSREGI: Victoria Bomann-Larsen

 

Solistar:

  • MIMÌ: Elsa Dreisig
  • AUGUST STRINDBERG/RUDOLFO: Stefan Pop
  • EDVARD MUNCH/MARCELLO: John Chest
  • TULLA LARSEN/MUSETTA: Lina Johnson
  • EDVARD GRIEG/SCHAUNARD: Magnus Berg
  • SØREN KIERKEGAARD/COLLINE: Petri Lindroos
  • BENOIT & ALCINDORO: Ola Marius Ryan
  • JULBOCKEN/PARPIGNOL: Arnstein Morken

  • KOR: Trondheim Vokalensemble, Trondheim Symfoniske Operakor & barnekor
  • KORMESTER: Urša Lah
  • KONSERTMESTER: Daniel Turcina

  • ORKESTER: Trondheim Symfoniorkester


Anmeldelser