Fjord Cadenza 2022
Beklager, Dette arrangementet har allerede funnet sted.
Etter nokre spesielle år, kan endeleg alle få nyte lyden av musikk, latter og samhald igjen. Endeleg kan alle møtast gjennom kunst, kultur og opplevingar – utan avstand, og med meir nærleik enn på mange år. Fjord Cadenza har i år eit stort, innhaldsrikt og fantastisk program som vi ser fram til å endeleg kunne dele med publikum.
Tekst: Karina Willumsen
Det brakar laust med festivalvorspiel, kor Alehouse Sessions med barokksolistane i kjend stil tek oss med tilbake til stemninga fra Londons travle pubar på 16- og 1700-talet. Konserten finn stad i dei nostalgiske og magiske lokala til Teaterfabrikken i Ålesund, og publikum får komme tett på stemninga. Det vert ein intim, og innhaldsrik kveld – der humor, gripande låter og lyden frå instrument møtast.
Ved Nerskøyløa, som ein finn der ekkoet mellom sjøen og fjellet møtast, er opningskonserten. I år har vi gleden av å ha med oss sjølvaste Odd Nordstoga som vil framføre nokre av sine verk saman med Sjøforsvarets Musikkorps. Det er ingen tvil om at dette kjem til bli ein konsert for minnebøkene, og ein konsert som vil røre og fenge publikum. Denne konserten vil óg finne stad i Fosnavåg konserthus dagen etter.
I den vakre Jentekolonien i Skodje, vil opninga av kunstutstillinga til dyktige Sonja Reite foregå, og ved Stettesmia vil ein få oppleve dyktige Ludvig Gudim, saman med årets festivalkomponist Wolfgang Plagge. Ådalen allé og Skodje omsorgssenter får begge, tradisjon tru, besøk av Magne og Charlotte for ei klassisk stund. Fjord Cadenza inviterer også til ein svært luftig konsert 1042 m.o.h. når vi inntek Paviljongen på Strandafjellet.
Ålesund kirke skal fyllast med magiske tonar når det arrangerast Nattopera. Magne Fremmerlid og Hege Høisæter spelar hovudrollene i Bartoks opera “Ridder Blåskjeggs borg”. Med sine fantastiske formidlingsevner, og mektige stemmer vil dei fortelje, synge og ta oss med inn i ei historie som fortel om kampen mellom ljos og mørke, og menneska siskyggeside. Korleis vert historia når den blir ein del av kyrkjerommet?
Skodje kyrkje skal fyllast av lyden frå “Ravel Trio” og “Dvorak-Kvintett”. Trio Sora er eit av dei mest ettertrakta ensemble i Europa for tida. Musikken dei spelar karakteriserast som virtuos, levande, følsam og karismatisk. Trioen består av Sarah Margaine, Amanda Favier, og Angèle Legasa. Dei har med seg dei ettertrakta kammermusikarane Miriam Helms Ålien og
Ellen Nisbeth. Førstnemnde står bak festivalen «Festivalta», og sistnemnde underviser ved Norges Musikkhøyskole. Vi gler oss til å dele denne opplevinga med publikum.
Teaterfabrikken og Nerskøyløa vil også i år huse Operapub. Nokre av Noregs største operasongarar er på plass, med Magne Fremmerlid, Charlotte Fongen og Hege Høisæter. Denne kvelden legg til rette for at alle kan bli kjend med operasjangeren på ein uformell, fin og avslappa måte. I trygge, nostalgiske og heimekoselege opplevingar både i Ålesund og på Skodje blir dette ein herleg kveld for alle som blir med. Her er det plass til alle, og opera får kanskje ein ny plass i hjartet ditt etter denne kvelden.
I år som i fjor vil det holdast ein utekonsert i naturskjønne omgivnader på Apalvikstølen i Skodje. Mellom lyden av tre som bles i vinden, og fuglar som kvitrar, vil Sigrid Moldestad trio dele sin magi med publikum. Som ein av de fremste musikarane innan folk,- vise- og tradisjonsmusikk, vil ho spele eit knippe av sine låter, med vakre sjølvskrivne tekstar. Ho har ein fantastisk formidlarevne, og evner å nå inn i alle kjenslerepertoar med sine verk. Same dag finn vi Stian Carstensen og hans “Musical Sanatorium” som alle bør få med seg, i Parken kulturhus. Multiinstrumentalist, komponist og musikar – verket vert skildra som storslagent, dramatisk og eventyrleg.
Avslutningskonserten “NUSO og Plagge” finn stad ved Gomerhuset på Skodje. Fjord Cadenza er stolt over å ha Wolfgang Plagge som festivalkomponist. Med sin leikne humor, kunnskap og formidlingsevne – vil han ta publikum gjennom hovudverket til årets festival: ein konsert for orkester og pianotrio. Trio Sora er ein del av avslutningskonserten, i tillegg til
NUSO; Norsk Ungdomssymfoniorkester. NUSO er samansett av unge musikarar mellom 13- 20 år, frå heile landet. Nivået er skyhøgt, og alle er vald ut gjennom prøvespel. Denne konserten vil bli ei vakker, majestetisk og storslått avslutning på årets festival.
Program, datoar og tider finn du på heimesida www.fjordcadenza.no. Vi gler oss til å dele musikk, kunst, kultur og historier saman med deg – her er det plass til alle. Vi sjåast.
09.august 2022 00:00 - 14.august 2022 00:00
Skodje - Ålesund
Arrangement: Festival
Fylke: Møre og Romsdal