Hemsingfestivalen 2021


Det er ei stor glede for oss å ynskje velkomen til ein ny Hemsingfestival 8.–10. oktober 2021 der store internasjonale stjerner frå heile verda kjem til den vesle fjellbygda vår, Aurdal, med rundt 700 innbyggjarar. Me gler oss til å presentere eit spennande og variert program med fantastiske musikarar. Temaet for festivalen i år er “Draumar


Ynskjet vårt er som mottoet vårt, nemleg å skape intime møte med stor musikk! Den magiske stemninga i tette møte mellom publikum og oss musikarane gir oss mykje. Me ser fram til å gi gode og unike musikkopplevingar med mange høgdepunkt og stor musikkglede.

Grunna covid-19 har me flytta vinterfestivalen vår til 8.-10. oktober 2021. Festivalprogrammet i oktober vil difor innehalde sju konsertar over tre dagar, og som vanleg med høg kvalitet og spennande artistar i tett samspel.

I tillegg til kveldskonsertane i Aurdal kirke og Frikar-Smia kan besøkjande også hyggje seg med «Smak med tonar» , ein frukostkonsert og “Konsertkviss” på festivalhotellet vårt Nythun.

Hemsingfestivalen er eit eineståande høve til å oppleve klassisk musikk og tradisjonsmusikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivnader og med utsikt til valdresfjell.

Me ynskjer dykk fine opplevingar og magiske augneblikk. Velkomen til innhaldsrike festivaldagar!


08.oktober 2021 00:00 - 10.oktober 2021 00:00

Aurdal

Hemsingfestivalen

Arrangement: Kammermusikk

Sjanger: Barokk

Fylke: Innlandet


Lignende arrangement