Opera på Fedje


Bergen Nasjonale Opera, fedjekorene Koral og Fedjekostane, samt songarar frå ulike kor i Bergen ynskjer velkomen til felles konsert i Fedje kyrkje.


Vi har med oss sopran Gunda-Marie Bruce og tenor/saksofonist Håkon Kornstad, som også skal stå for underhaldning på Fab nr 8 seinare på kvelden.


Dirigent er Håkon Matti Skrede, kormeister i Bergen Nasjonale Opera og Bergen Filharmoniske Orkester. Pianist er Ellena Hale.

Konserten varer i ca. 45 minutt. Arrangementet er tilpassa retningslinjer rundt koronaviruset.


Gratis inngang!

KRABBEFEST OG OPERA
LAURDAG 30. JANUAR KL. 19 FAB. NR. 8
For fjerde gong har vi gleda av å by på kjende operaperler og krabbe- og rekebord på FAB. NR. 8. Artistar framfører flotte ariar medan du og venene dine nyt god mat og drikke. Dette er sosialt, hyggeleg og uformelt. Det populære arrangementet er tilpassa retningslinjer rundt koronaviruset. Det vert til dømes difor ikkje bar og buffet, mat og drikke vert servert direkte til bordet.


ARTISTAR KRABBEFEST
Gunda-Marie Bruce / Sopran
Håkon Kornstad / Tenor og saksofon
Ellena Hale / Piano

PRIS
Konsert og krabbefest kr. 750,- (drikke kjem i tillegg)


KORONA OG TALET PÅ GJESTAR
Arrangementet vert tilpassa retningslinjer rundt koronaviruset. Difor er det mellom anna restriksjonar når det gjeld kor mange som kan samlast i kyrkja og på krabbefest med opera.


Velkomen!


Praktisk info: Siste ferje frå Fedje går klokka 21:15
Ynskjer du overnatting finn du meir informasjon om tilbod på Fedje her


Med støtte frå Fedje kommune


30.januar 2021 19:00 - 30.januar 2021 00:00

Fedje kyrkje og FAB. NR. 8

Bergen Nasjonale Opera

Arrangement: Opera

Fylke: Rogaland


Lignende arrangement