Det blir stor musikk og vinterglede når Hemsingfestivalen 2022 brakar laus!

Kulturlivet har opna og me kan endeleg ynskje velkomen til ein ny Hemsingfestival i full vinterdrakt! 24.-27. februar kjem internasjonale stjerner frå heile verda til den vesle fjellbygda vår Aurdal. Me skal skape intime møte med stor musikk og by på kvalitetane Valdres har å vise. 


Skrevet av Hemsingfestivalen


Hemsingfestivalen 2022 er eit unikt høve til å få oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell. 

Festivalprogrammet for 2022 inneheld 13 ulike konsertopplevingar på fire dagar med over 30 musikarar på topp internasjonalt nivå. I tett samspel og i intime møte med publikum skal magisk stemning skapast i ei varm atmosfære. Nokre artistar har delteke på festivalen tidlegare som Andreas Brantelid (cello), Julien Quentin (klaver) og Lilli Maijala (bratsj). Av nye artistar av året har me blant anna den norske barytonen Johannes Weisser og pianisten Enrico Pace. 

I år gjestar også to yngre talent i det nystarta Hemsing Akademiet for klassisk musikk og folkemusikk. Desse er vorte handplukka gjennom ein audition i samarbeid med Barratt Due musikkinstitutt. Talenta vil få meisterklasser innanfor folkemusikk, folkedans og klassisk musikk i tillegg til å spele på utvalde konsertar på festivalen, også i kammermusikk med dei profesjonelle artistane.  

Kyrkja i Aurdal er festivalens naturlege omidtpunkt. Her blir dei klassiske kammerkonsertane spelt, samt opnings- og avslutningskonsertane. Den ærverdige kyrkja frå 1700-talet set naturlig preg på konsertane og gjev ei varm atmosfære. Elles visar me stolt fram Frydenlund Skysstasjon, og andre lokale arenaer i Aurdal som Frikar-Smia, Aurdal Fjellkyrkje og Noraker Gård. Nythun stillar endå ein gong som trufast partnar og er festivalhotell for dei komande festivaldagane i februar. 

Andre konsertopplevingar som har vorte årgangsklassikarar på Hemsingfestivalen er «Smak med tonar» på Nythun, «Musikkapperitiff» på Frydenlund skysstasjon, «Rakfisk Forte Fortissimo» på Noraker Gård og matinékonsertane «Musikksporet» i Aurdal fjellkyrke med guida skitur frå Nythun til Aurdalsåsen, der publikum får oppleve dei fine skiløypene i området.

Elles ynskjer me å spre musikkglede også til dei yngre. På laurdagen arrangerer festivalen familiedag i Frikar-Smia. Dagen består av både uteaktivitetar i samarbeid med Barnas Turlag og ei eventyrstund inne med Mari Maurstad og Valdresstykerne som presenterer «Revenka og pannekaka». Familiedagen er ope og har gratis påmelding.

Det er framleis krav til smittevern, og me forsikrar publikum om at me tar dette på alvor og legg til rette for trygge omgivnadar. Med dette ser me fram til å gi gode og unike musikkopplevingar med mange høgdepunkt og stor musikkglede. 

Velkomen til innhaldsrike festivaldagar!  



Hemsingfestivalen