Det blir stor musikk og vinterglede
Hemsingfestivalen har no lansert programmet og opna billettsalet til vinteres festival. Publikum vil få møte store internasjonale stjerner som Goldmund-kvartetten, Thibaut Garcia (gitar), Anna Fedorova (klaver), Martin Stadtfeld (klaver), Andreas Brantelid (cello) og TrondheimSolistene.
I tillegg kjem dei folkekjære norske folkemusikarane Marja Mortensson (sang) og Gjermund og Einar Olav Larsen (fele og hardingfele).
Nytt i år er intime iglokonsertar ute med perkusjonisten Terje Isungset som vil spela på instrument laga av is! Det blir også ope kurs i tradisjonsdansane springar og halling, vedHallgrim Hansegård frå FRIKAR. Også nytt for året er “Draumekonsert” laurdagskvelden med festivalens artistar. Her kan publikum i forkant sende inn ynskje om spesielle musikkstykkje dei ynskjer skal bli spelt på denne konserten.
Me gler oss alle til intime møte med stor musikk.
Festivalen er grunnlagt av systrene Ragnhild og Eldbjørg Hemsing, som begge er verdskjente utøvarar innan klassisk musikk og folkemusikk. Frå 22.-26. februar 2023 inviterer dei publikum heim til den vesle fjellbygda si, Aurdal i Valdres, der ein kan få oppleve klassisk musikk i vakre omgjevnader kombinert med friluftsliv og med utsikt til snøkledde valdresfjell.
I tillegg til alle festivalkonsertane, blir det også mogleg å oppleve andre kvalitetar som Valdres har å by på som lokal matkultur, hundekjøring og guida skiturar. Festivalprogrammet 2023 inneheld 17 ulike konsertopplevingar med rundt 30 musikarar og dansarar på topp internasjonalt nivå. I tett samspel og i intime møte med publikum skal
magisk stemning skapast i ei varm atmosfære.
Festivalen er grunnlagt av systrene Ragnhild og Eldbjørg Hemsing, som begge er verdskjente utøvarar innan klassisk musikk og folkemusikk. Frå 22.-26. februar 2023 inviterer dei publikum heim til den vesle fjellbygda si, Aurdal i Valdres, der ein kan få oppleve klassisk musikk i vakre omgjevnader kombinert med friluftsliv og med utsikt til snøkledde valdresfjell. I tillegg til alle festivalkonsertane, blir det også mogleg å oppleve andre kvalitetar som Valdres har å by på som lokal matkultur, hundekjøring og guida skiturar. Festivalprogrammet 2023 inneheld 17 ulike konsertopplevingar med rundt 30 musikarar og dansarar på topp internasjonalt nivå. I tett samspel og i intime møte med publikum skalmagisk stemning skapast i ei varm atmosfære.
I år gjestar også fire yngre talent festivalen i den nystarta talentsastinga FRAMR for klassiskmusikk og folkemusikk, som er det einaste i sitt slag i Noreg. Desse er vorte handplukka gjennom ein audition. Talenta vil få meisterklasser innan folkemusikk, folkedans og klassisk musikk i tillegg til å spele på utvalde konsertar aleine og i kammergrupper med dei profesjonelle artistane. Meisterklassene er som før ope for publikum.
Me er stolte og veldig glade over å ynskje velkomen til 10-årsjubileumet vårt og eit nytt år med kammermusikk og magiske augeblikk på Hemsingfestivalen!
Kyrkja i Aurdal er festivalens naturlege midtpunkt med dei klassiske kammerkonsertane, samt opnings- og avslutningskonserten. Den ærverdige kyrkja frå 1700-talet set eit vakkert preg på konsertane og gjev ei varm atmosfære. Elles visar me stolt fram Frydenlund skysstasjon, og andre lokale arenaer i Aurdal som Frikar-Smia, Aurdal fjellkyrkje og Noraker Gård. Nythun stillar endå ein gong som trufast partnar og er festivalhotell for dei komande festivaldagane i februar.
Andre årgangsklassikarar på Hemsingfestivalen er «Smak med tonar» på festivalhotellet Nythun, «Musikkapperitiff» på Frydenlund skysstasjon, «Rakfisk Forte Fortissimo» på Noraker Gård og matinékonsertane «Musikksporet» i Aurdal fjellkyrke med guida skitur frå Nythun til Aurdalsåsen for dei som ynskjer å oppleve dei fine skiløypene i området.
Laurdagen arrangerer festivalen gratis familiedag i Frikar-Smia med uteaktivitetar i samarbeid med Barnas Turlag og Aurdal IF, og etterpå ei eventyrstund inne med skodespelar Per Christian Ellefsen og Valdresstrykerne. Med dette ser me fram til å gi gode og unike musikkopplevingar med mange høgdepunkt og stor musikkglede. Velkomen til innhaldsrike festivaldagar i februar!