Hemsingfestivalen feirar 10 år - februar 2023!
Systrene Ragnhild og Eldbjørg Hemsing inviterar internasjonale stjerner frå heile verda heim til den vesle fjellbygda, Aurdal i Valdres for å spele opp til10-årsjubileum!
Festivalprogrammet for 2023 inneheld 17 ulike konsertopplevingar på fem dagar - 22.-26. februar. De får høyre musikk frå over 30 musikarar på topp internasjonalt nivå framført av musikarar som Goldmund Quartet, Anna Fedorova, Martin Stadtfeld og Adrian la Marca, i tett samspel. Det blir og eit hyggeleg gjensyn med fleire av artistane som har vore på festivalen tidlegare, som TrondheimSolistene, Gjermund Larsen og Andreas Brantelid. Nye bekjentskap med musikarar som Marja Mortensson, Terje Isungset og Thibaut Garcia vert særleg spennande.
Nytt av året er konsertkonsepta iglokonsertar med isinstrument og “Draumekonsert” der ein ynskjekonsert er ein del av programmet. Elles presenterar festivalen klassiske kammerkonserter og dei populære arrangementa med mat og musikk som blant anna “Rakfisk Forte Fortissimo”
Hemsingfestivalen vert eit unikt høve til å få oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell.
Ynsket vårt er som mottoet vårt, nemleg å skape intime møte med stor musikk! Den magiske stemninga i tette møte mellom publikum og oss musikarane gir oss mykje. Me ser fram til å gi gode og unike musikkopplevingar med mange høgdepunkt og stor musikkglede.