Jorden rundt på 80 dager


Beklager, Dette arrangementet har allerede funnet sted.

Ein musikal i 2 akter basert på ein roman av Jules Verne


Libretto: Øystein Wiik
Musikk: Gisle Kverndokk

Den kjende og populære romanen Jorden rundt på 80 dager av Jules Verne er sjølvsagt grunnlaget for musikalen med same namn, med libretto av Øystein Wiik og musikk av Gisle Kverndokk, som  skal ha norgespremiere i Operahuset Nordfjord 29. september 2021.

Solistlaget er endeleg klart: Magnus Dorholt Kjeldal, Eli Kristin Hanssveen, Thomas Ruud, Ann-Helen Moen, Beate Mordal, Jan Erik Fillan, Camilla Stenhoff Vist og Trond Gudevold skal ta publikum med på ei fantastisk reise rundt jorda, der det meste kan skje! Det kunstnariske teamet er allereie i gong med dei første produksjonsmøta for å sørge for at forestillinga vert ein fryd for både auge og øyre: Regissør Ronald Rørvik, dirigent Michael Pavelich, koreograf og regiassistent Toni Herlofson, scenograf Plamena Dicheva, kostymedesignar Anne Gotaas, lysmeister Ovar Holmen og rekvisitør Anndi Bergset har ei stor oppgåve i året som kjem, der dei kunstnariske idéane skal settast ut i livet med god hjelp av eit stort dugnadsapparat, operakoret og lærarar og elevar ved Eid vidaregåande skule.

For å komme i stemning og førebu publikum på kva som er i vente, kan vi allereie no røpe litt av historia: Den engelske gentlemannen Phileas Fogg inngår eit veddemål med konkurrenten Stuart: Han hevdar å vere i stand til å reise jorda rundt på utrulege 80 dagar! Saman med sin franske tenar Passepartout legg Fogg ut på reisa, medan detektiven Fionula Fix, engasjert av Stuart, følgjer etter for å skape problem for dei. Men det er ikkje berre Fionula som trugar Fogg sin nøye uttenkte tidsplan. I Paris hamnar han i duell for Den glade enke Hanna Glawari, i Roma fell Tosca i armane hans etter å ha hoppa frå Castel Sant'Angelo, i Suez blir han forført av Salome, i Beijing vil Prinsesse Turandot få han halshogd, i San Fransisco blir det masseslagsmål i saloonen til Minne i La Fanciulla del West, og på veg over Atlanteren vil den Flyvende Hollender konkurrere om Fionula sin kjærleik..

Operaen Jorden rundt på 80 dager vart uroppført  på Den Norske Opera i 2010. Denne versjonen er ein ny, revidert musikalversjon, som hadde urpremiere på Landestheater Linz i Østerrike i 2016. Den vann fleire prisar, både den tyske og østerrikske musikkteaterprisen, mellom anna Beste Musikal begge stader.

Dette er ei reise, ikkje berre jorda rundt, men også operaverda rundt. Velkomen til ein fargerik og forrykande musikal for både musikal- og operaelskarar....og alle andre!


29.september 2021 00:00 - 10.oktober 2021 00:00

Operahuset Nordfjord

Opera Nordfjord

Arrangement: Musikal

Fylke: Vestland


Lignende arrangement