Mannen frå La Mancha

Det er duka for Broadway-stemning i Operahuset Nordfjord, når sceneteppet går for Mannen frå La Mancha på premieren 30. september. Med spelerestriksjonar for alle kulturinstitusjonar i desse uvanlege tider, er Opera Nordfjord endeleg klare til å gi publikum etterlengta scenekunstopplevingar til hausten.

Mannen frå La Mancha (The Man of La Mancha) er ein musikal frå 1965 av Dale Wasserman, med tekst av Joe Darion, musikk av Mitch Leigh og nynorsk omsetting ved Hartvig Kiran. Den er basert på Wasserman sitt TV-teater I, Don Quixote, som igjen var inspirert av Miguel de Cervantes og hans roman Don Quixote, som kom ut mellom 1605 og 1615. Den fortel historia om den galne riddaren Don Quixote, som eit spel i spelet, framført av Cervantes og hans medfangar, medan dei ventar på ei høyring under Den spanske inkvisisjonen.

Regissør for årets storsatsing er Aksel-Otto Bull frå Oslo, som gjestar Opera Nordfjord for første gong. Det øvrige kunstnariske teamet er samansett av dirigent Michael Pavelich, scenograf og kostymedesignar Åse Hegrenes, lysmeister Arne Kambestad, koreograf Candice Bredesen og maskør Ingunn Schumann Mosand.

Solistlaget er samansett av ei spennande blanding av etablerte operasolistar, nyutdanna musikalartistar frå Nordfjordeid og dyktige, lokale amatørar. Espen Langvik, tidlegare solist ved Den Norske Opera & Ballett, er endeleg tilbake som solist, denne gongen som sjølvaste Don Quixote. Tenaren hans vert spelt av Jan Erik Fillan, som også vert eit gledeleg gjensyn frå 2016, då han var med i Hoffmanns Eventyr. Eli Kristin Hanssveen er til dagleg ein del av solistensemblet ved Den Norske Opera & Ballett, for mange også kjend frå Stjernekamp for nokre år tilbake. Det er første gong ho gjestar Opera Nordfjord, og rolla som Aldonza er som skapt for henne. Øvrige solistar vert Trond Gudevold, som har gjort fleire roller for Opera Nordfjord, Erlend Tvinnereim frå Bergen, med slektsrøter frå Stryn, Eivind Kandal frå Kandal i Gloppen, kjend både frå Sildagapet og som innhoppar i La Bohéme i 2018, Elisabeth Gimmestad, frå Gloppen, Simon Standal Pavelich og Asbjørn Hagen, begge nyutdanna musikalartistar. I tillegg får vi gjensyn med fleire lokale talent;  Rønnaug Torheim er tilbake på scena saman med Paul Jacob Helgesen, Bård Stian Dalseth og Håvard Kvammen Furnes og Rune Balsnes.Musikalen er definitivt ein ensemble-produksjon, der alle dei medverkande er tilstades og nærverande gjennom heile handlinga i eit intenst drama. Handlinga er vekselvis rå, brutal, morosam og rørande, med fantastisk, spanskinspirert musikk.

Den originale 1965 Broadway-produksjonen vart framført 2328 gongar og vann fem Tony Awards, inklusive Best Musical. Musikalen er ein av dei kjæraste og mest populære innan musikkteater-sjangeren, der særleg den vakre songen The Impossible Dream er kjend for mange.

Billettsalet er allereie i gong, og musikalen har premiere onsdag 30. september, med dei sju øvrige framsyningane 1., 3., 4. 6., 7. 9. og 10. oktober i Operahuset Nordfjord.

MAN OF LA MANCHA
Written by Dale Wasserman
Music by Mitch Leigh
Lyrics by Joe Darion
Original Production Directed by Albert Marre

MAN OF LA MANCHA is presented by arrangement with Concord Theatricals Ltd. on behalf of Tams-Witmark LLC. - www.concordtheatricals.co.uk and Nordiska ApS -www.nordiska.dk


Kalender

CD-anmeldelser

Vårt konserthus


  • Beethoven: Duo for viola & cello in E flat major, WoO 32

     P.O. Lindberg - Leonardo Sesenna - Kristiansand Symfoniorkester

  • Tchaikovsky - Serenade for Strings in C major, Op. 48 - Kolbjørn Holthe

    Kristiansand Symfoniorkester

  • Symphony No. 4 / Johannes Brahms / Klaus Mäkelä / Oslo Philharmonic

  • Mozart: Piano Concerto No. 24 in C minor, K.491 - Leif Ove Andsnes - Eivind Gullberg Jensen

    Kristiansand Symfoniorkester

  • Mozart: Symphony No.40 in G minor, K. 550 - Eivind Gullberg Jensen

    Kristiansand Symfoniorkester

  • Edward Elgar - Serenade for Strings in E minor, Op. 20 - Kolbjørn Holthe

    Kristiansand Symfoniorkester

  • Wagner - valkyrierittet fra operaens tredje akt

    Trondheim Symfoniorkester & Opera
    Wagner og utdrag fra Valkyrien: Valkyrierittet fra operaens tredje akt Siegfrids sørgemarsj fra Ragnarokk Utdrag fra Valkyriens 1ste akt.

  • Magiske Minner

    Tine Thing Helseth og Kåre Nordstoga spilte inn albumet «Magical Memories» i Oslo domkirke, under Norges lockdown i slutten av august og begynnelsen av september 2020. De jobbet fra sent på kvelden til de tidlige morgentimene for å få den perfekte lyden, uforstyrret av støy fra omverdenen. 

    Lanseres 28 Mai, 2021

    See More
  • La Clemenza di Tito

    Rå maktkamp, begjær, sjalusi og Mozarts nydelige musikk. La clemenza di Tito leverer all den skjønnhet og heftige følelser vi forventer fra mesternes mester.

  • Vinterstemning frå Valdres

  • Piotr Anderszewski

    J.S. Bach: Well-Tempered Clavier, Book 2: Prelude No. 12 in F Minor

  • Rachmaninoffs Pianokonsert nr. 2

    Oslo-Filharmonien med solist Håvard Gimse og dirigent Vasily Petrenko spiller Rachmaninoffs Pianokonsert nr. 2.

  • Tsjajkovskijs Symfoni nr. 4

    Oslo Filharmoniske Orkester

  • Johann Sebastian Bach: Christmas Oratorio

  • Oslo Filharmoniske Orkester

    Symphony No. 1 / Gustav Mahler / Klaus Mäkelä

    See More
  • Lawoclassics

    Prokofiev Symphony No. 5 & Myaskovsky Symphony No. 21 with Vasily Petrenko and Oslo Philharmonic

    See More
  • Se dagens luke (8) i Warner Classics julekalender.

    Eric Lu spiller Schubert: Piano Sonata in A major

    See More
  • Mariam Batsashvili - Piano ( hel konsert)

    Mariam Batsashvili fremfører en recital av Franck, Schumann, Liszt og mer på Wigmore Hall (okt 2020). Nyt denne live konserten til den unge georgiske pianisten Mariam Batsashvili i Wigmore Hall i London, hvor hun fremførte solo pianostykker av Franck, Ravel, Thalberg, Schumann og Liszt..

  • BEETHOVEN Symphony No 5 - Eschenbach

     Göteborgs Symfoniker

  • Det Norske Kammerorkesterets Julekalender

     Se første luke hos Det Norske Kammerorkester.Lukene kan åpnes hver dag kl. 11 fra 1. desember til julaften.

    See More
  • Warner Classics - Julekalender

    Første video fra Warner Classic`s julekalender er publisert. 🎄

    See More
  • Valdres Sommersymfoni

    Festival highlights 2019

    See More
  • Norges musikkhøgskole (NMH)

    Norges musikkhøgskole (NMH) er en ledende kunstfaglig og vitenskapelig høgskole med over 750 studieplasser. Vi har Norges største fagmiljø i musikk og utdanner profesjonelle utøvere, kirkemusikere, dirigenter, komponister, musikkteknologer, musikkpedagoger og musikkterapeuter.

    See More

Artikler