Pangstart på operaåret 2025
Bli med på ei uhøgtideleg reise i musikkteaterhistoria!
Opera Nordfjord og Operahuset Nordfjord har saman gleda av å invitere til operakomedien Scenebetennelse fredag 17. januar. I rollene møter vi Thomas Ruud, Nils H. Sødal, Silvia Moi, Benedikte Sofie Ribe, Reem Riyadh og Nils Arne Halle Erstad.
Dei tek publikum med på ei uhøgtideleg reise frå opera og operette til musikal og moderne musikkteater. Her kjem sviskene på rad og rekke, framført av nokre av dei fremste songarane i landet. Framsyninga gjev òg eit humoristisk skråblikk på dramatikken som ofte utspelar seg bak scena på store teater og operahus.
Framsyninga Scenebetennelse såg dagens lys for to år sidan, då den spelte for fulle hus i Kilden teater og konserthus i Kristiansand. Sidan har den begeistra publikum og anmeldarar rundt om i Noreg, mellom anna i Oslo konserthus, Operaen i Kristiansund og Opera Østfold.
Scenebetennelse er skrive av Nils H. Sødal og produsert i samarbeid med Benedikte Sofie Ribe.
Utøvarane:
Silvia Moi er ein av dei fremste operastjernene i landet, kjent frå mange framsyningar og prestisjetunge oppdrag, som Nobel-banketten i Stockholm og fredsprisutdelinga i Oslo.
Thomas Ruud er kjend for Nordfjord-publikummet både frå operaframsyningar og andre konsertar. Han har vore tilsett ved nokre av dei største operahusa i Tyskland og sunge med internasjonale stjerner som sopranen Kiri Te Kanawa. Han er ein av dei mest ettertrakta songarane i Skandinavia og også kjend for samarbeidet med Hanne Krogh.
Benedikte Sofie Ribe er ein prisvinnande sopran med bakgrunn frå det prestisjetunge Franz Liszt-akademiet. Ho har dei seinare åra utmerka seg som ein svært allsidig scenekunstnar i ulike samenhengar og sjangrar.
Nils H. Sødal har gjesta fleire av dei største operahusa i Europa og har vore fast tilsett solist ved Den Norske Opera i ei årrekke. Det internasjonale gjennombrotet skjedde til strålande kritikkar ved den verdenskjente operaen SemperOper i Dresden i 2011. Han har tidlegare vore solist hos Opera Nordfjord i Elskovsdrikken og Norge-Brasil, ein opera.
Reem Riyadh og Nils Arne Halle Erstad har trass sin unge alder utmerka seg i fleire profesjonelle samanhengar gjennom oppsettingar på store scener og som mottakar av ulike prisar.