Reisa til Julestjerna

Eit eventyrleg musikkteater for heile familien.Endeleg kjem den store publikumssuksessen Reisa til Julestjerna til Operahuset Nordfjord, når Opera Nordfjord set opp denne folkekjære klassikaren frå 1924 i slutten av november.

Reisa til Julestjerna (originaltittel: Reisen til Julestjernen) er eit norsk skodespel av Sverre Brandt frå 1924, oppført første gong 2. juledag 1924 på Nationaltheatret i Oslo.

Stykket har rekord i antall forestillingar på Nationaltheatret – allereie i januar 1962 vart stykket oppført for 500. gang. Brandt brukte julesangen «Glade jul, hellige jul» som motiv, og det er Johan Halvorsen som har skrive musikken til stykket.

Opera Nordfjord er særs stolt over å ha fått rettane til dette vakre eventyrteateret, som passar for heile familien, frå dei aller minste til dei aller eldste.

Opera Nordfjord vil gå i gang med rollebesetning og audition for alle rollene innan utgangen av juni. På rollelista står det både vaksne og born, og sjølvsagt Sonja, som er hovudpersonen på leiting etter Julestjerna. I tillegg skal unge dansarar spele både nisseborn, snøfnugg og englar.

Michael Pavelich er regissør og dirigent, Candice Bredesen skal ha koreografiansvar, Anndi Bergset skal utforme scenografien og Ovar Holmen er lysmeister. Heile framsyninga vert driven fram av vakker, klassisk orkestermusikk, framført av 15 profesjonelle musikarar i orkestergrava.

Reisa til Julestjerna er ei klassisk eventyrfortelling, der den onde greven prøver å forhindre at den uskuldige og godhjarta Sonja,som heilt uvitande er prinsesse Gulltopp, skal komme heim til den snille faren sin, sjølvaste kongen. Han har ulukkeleg leita etter og venta på si kjære dotter sidan ho forsvann som lita jente. På si leiting etter Julestjerna møter Sonja både Heksa, Greven, Nissefar, Julemannen, Nordavinden, dei snille fuglane og ei gammal kone med ei dotter som frys, til ho møter Sonja, som gir henne ullvesten sin. På Slottet er det Ole og Petrine som på humoristisk vis støttar kongen så godt dei kan, og som sjølvsagt held eit ekstra auge på den onde greven….

Korleis det går til slutt, får ein vite den siste helga i november. Billettsalet har opna, og med eit avgrensa antal plassar tilgjengeleg, kan det lønne seg å sikre seg billettar allereie no. 

Framsyningar: 27., 28. og 29. november.


Kalender

CD-anmeldelser

Vårt konserthus


  • Beethoven: Duo for viola & cello in E flat major, WoO 32

     P.O. Lindberg - Leonardo Sesenna - Kristiansand Symfoniorkester

  • Tchaikovsky - Serenade for Strings in C major, Op. 48 - Kolbjørn Holthe

    Kristiansand Symfoniorkester

  • Symphony No. 4 / Johannes Brahms / Klaus Mäkelä / Oslo Philharmonic

  • Mozart: Piano Concerto No. 24 in C minor, K.491 - Leif Ove Andsnes - Eivind Gullberg Jensen

    Kristiansand Symfoniorkester

  • Mozart: Symphony No.40 in G minor, K. 550 - Eivind Gullberg Jensen

    Kristiansand Symfoniorkester

  • Edward Elgar - Serenade for Strings in E minor, Op. 20 - Kolbjørn Holthe

    Kristiansand Symfoniorkester

  • Wagner - valkyrierittet fra operaens tredje akt

    Trondheim Symfoniorkester & Opera
    Wagner og utdrag fra Valkyrien: Valkyrierittet fra operaens tredje akt Siegfrids sørgemarsj fra Ragnarokk Utdrag fra Valkyriens 1ste akt.

  • Magiske Minner

    Tine Thing Helseth og Kåre Nordstoga spilte inn albumet «Magical Memories» i Oslo domkirke, under Norges lockdown i slutten av august og begynnelsen av september 2020. De jobbet fra sent på kvelden til de tidlige morgentimene for å få den perfekte lyden, uforstyrret av støy fra omverdenen. 

    Lanseres 28 Mai, 2021

    See More
  • La Clemenza di Tito

    Rå maktkamp, begjær, sjalusi og Mozarts nydelige musikk. La clemenza di Tito leverer all den skjønnhet og heftige følelser vi forventer fra mesternes mester.

  • Vinterstemning frå Valdres

  • Piotr Anderszewski

    J.S. Bach: Well-Tempered Clavier, Book 2: Prelude No. 12 in F Minor

  • Rachmaninoffs Pianokonsert nr. 2

    Oslo-Filharmonien med solist Håvard Gimse og dirigent Vasily Petrenko spiller Rachmaninoffs Pianokonsert nr. 2.

  • Tsjajkovskijs Symfoni nr. 4

    Oslo Filharmoniske Orkester

  • Johann Sebastian Bach: Christmas Oratorio

  • Oslo Filharmoniske Orkester

    Symphony No. 1 / Gustav Mahler / Klaus Mäkelä

    See More
  • Lawoclassics

    Prokofiev Symphony No. 5 & Myaskovsky Symphony No. 21 with Vasily Petrenko and Oslo Philharmonic

    See More
  • Se dagens luke (8) i Warner Classics julekalender.

    Eric Lu spiller Schubert: Piano Sonata in A major

    See More
  • Mariam Batsashvili - Piano ( hel konsert)

    Mariam Batsashvili fremfører en recital av Franck, Schumann, Liszt og mer på Wigmore Hall (okt 2020). Nyt denne live konserten til den unge georgiske pianisten Mariam Batsashvili i Wigmore Hall i London, hvor hun fremførte solo pianostykker av Franck, Ravel, Thalberg, Schumann og Liszt..

  • BEETHOVEN Symphony No 5 - Eschenbach

     Göteborgs Symfoniker

  • Det Norske Kammerorkesterets Julekalender

     Se første luke hos Det Norske Kammerorkester.Lukene kan åpnes hver dag kl. 11 fra 1. desember til julaften.

    See More
  • Warner Classics - Julekalender

    Første video fra Warner Classic`s julekalender er publisert. 🎄

    See More
  • Valdres Sommersymfoni

    Festival highlights 2019

    See More
  • Norges musikkhøgskole (NMH)

    Norges musikkhøgskole (NMH) er en ledende kunstfaglig og vitenskapelig høgskole med over 750 studieplasser. Vi har Norges største fagmiljø i musikk og utdanner profesjonelle utøvere, kirkemusikere, dirigenter, komponister, musikkteknologer, musikkpedagoger og musikkterapeuter.

    See More

Artikler